21/11/2023 by Helseinnovasjonssenteret AS
Barn og unges helsetjeneste i Møre og Romsdal
EIT KART OVER TENESTENE FOR BARN OG UNGE
Satsinga barn og unges helseteneste består av sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske plagene hjå born og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og skal gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.
I 2021 starta Helse Møre og Romsdal samarbeidsprosjektet Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, eit samarbeid mellom dei 26 kommunane i Møre og Romsdal og Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal. Det blei jobba med ei kartlegging opp mot forløp som Helse Fonna hadde utarbeida for å sjå om «kart og terreng» stemde hos oss. Desse forløpa er blitt revidert mellom anna etter innspel fra Møre og Romsdal og nye nasjonale føringar. I løpet av 2023 skal vi implementere og bruke forløpa i tenestene rundt barn og ungdom med psykiske helseutfordringar. Vi tilstreber allereie no å jobbe etter forløpa, sjølv om ikkje alt er på plass og det kan vere lokale forskjellar. Målet er felles, å ha ein samanhengede teneste rundt barn og ungdom med psykiske helseutfordringar. Verktøyet er først og fremst laga for at fagfolk skal klare å gi barn og ungdom eit samanhengande hjelpetilbod, men du finn også informasjon for barn, ungdom og føresette om kor ein kan få hjelp.